Tilbake til alle arrangementer

Hilde Selvikvåg - Julekarusellen

  • Blondefabrikken 13 Holmen Skudeneshavn, Rogaland, 4280 Norway (kart)

For aller første gong skal eg på juleturné!

Etter fleire år med hagekonsertar rundt omkring i landet, har eg besøkt bygder, byar, krikar og krokar og spelt for folk på uendeleg mange vakre plassar. Gardar på landet, små oasar i byen og sjarmerande perler ytterst i havgapet. På vegen har eg ofte tenkt: for ei stemning det hadde blitt å spelt julekonsert på slike stader!

Denne magien tek eg nå med meg inn i juletida, med turneen «Julekarusellen».

I løpet av det siste året har livet fått meg til å laga mine første julesongar. På konserten vil eg syngja om alle desemberkjenslene. Om forventningar og glede, men òg om alt som ikkje alltid blir heilt slik ein hadde tenkt.

Gjennom vintermørket tek eg med meg julemusikken heim til folk. Inn i låver, drivhus og samlingslokale der vertskapet får setja sitt preg på kvelden. Her skal me skapa julemagi saman, med musikk, lys, gløgg, pepperkaker og ekte heimelaga stemning.

Velkommen til Julekarusellen!

Klem frå Hilde
____________________________________________________________________

Praktisk informasjon
Dørene åpner: 18:00
Konsertstart: 19:00
Salg av juleting og gløgg m.m. før konserten

Kjøp billetter
portrett Hilde Selvikvåg
Forrige
Forrige
28. november

Eivind Jul – Ein Julasang på HAVN Hotell

Neste
Neste
13. desember

Julekonsert: Him te jul med Vidar Jonsen